19. nov. 2009

"Finally its raining!"

... Stod det på ei tekstmelding eg fekk av Patrick mens eg gjekk heim frå skulen. Og tru det eller ei, i augonblinken var det akkurat det den jenta her frå Vestlandet tenkte. Jepp. Det var deilig med litt regn. Det har ikkje regna på ei god, god stund no. Og det var egentlig ikkje regn, det var yr. Det er bare amerikanerane (og forsåvidt alle andre enn vestlendingane) som er pirkete.


Ellers var natt til tirsdag noko for seg sjølv. Alarmen gjekk av kl 0200 (am), og berre 10 minutt seinare hadde Savannah overtalt meg til å vere med på galskapen; Eg fann to joggebukser, 2 par sokkar, ein tjukk og god gensar, og toppa det heile med boblejakke, lue og skjerf. Så låg vi i hagen i ein sovepose i vel 30 min og såg på meteor-stormen. Det var spektakulært. Og Det er lenge sidan det har vore så godt å kome tilbake til senga.

Til slutt 2 lister og ei lenkje; ei Det-her-gledar-eg-meg-til- liste og ei Det-her-ønskar-eg-meg-til-jul-liste.
Det her gledar eg meg til(ikkje kronologisk rekkjefølge):
- Helg
- 'Thanksgiving-break'
- Savannahs bursdag/Madison med Savannah&Allison
- Rotary-tur til Florida
- Julekonsert med koret
- Showchior, 'konsert' + middag med fam. Kember (min neset vertsfamilie)
- Flytte inn til fam. Kember
- Neste rehearsal i Sturgeon Bay
- Jul
- Twilight New Moon - midnattsforestilling - torsdag

Ønskeliste:
- Penger
- Pin/buttons
- Pillow Pet (mange ting på P!!)
- Datadyr
- Furbie
.. Kjem heilt sikkert på fleire ting!
hei pus, love gurthi

1 kommentar:

Sunniva sa...

FURBY!Ih.