Eg skal fortelle deg at eg syns veldig synd på meg sjøl no når eg sitter her, på en stasjonær data uten lyd, og spiser et pitabrød med kylling og mais og sitron i. Sunniva er i Balestrand, Monica er på Harry Potter (til og med ROLF er på Harry Potter!!), Marita er i Evindvik, Sebastian er i Portugal (på en bra festivalting virka det som??), for ikkje å snakke om ANDREA og CHARLIE som er i BURSDAG og kosa seg. argrh.
Koffor har i dag vert en bra dag? Jo, fordi;
- Brannalarmen slo ut mens eg var aleine på jobb, eg fant hybelen som hadde 'starta' alarmen og alt var i skjønnaste orden, bare litt rista brød. Eg skrur av alarmen.
- Mens eg snakka i telefon med mamma og får forklart kordan eg skrur av alarmen tryner eg i ei steintrapp, som resulterte i nåke mystisk vondt nåke med 3/5 tær på høgre foten. Eg gjetta forstuing.
- Kortterminalen virka ikkje.
- Eg greide ikkje å låse opp 'luka' i resepsjonen.
- Eg greide ikkje å låse opp 'luka' i resepsjonen.
- Nøkkelkorta virka ikkje.
- Kopimaskina virka ikkje (=eg måtte skrive kvitteringer for hånd)
- Mens eg sjekka inn et nederlandsk par gikk brann alarmen en gang til, og alarmtelefonen ringte og sa 'Det er alarm om brann på Sunnfjord Folkehøgskule, eg gjentar det er alarm om brann på Sunnfjord Folkehøgskule... piiip ... 'Det er alarm om brann på Sunnfjord Folkehøgskule, eg gjentar det er alarm om brann på Sunnfjord Folkehøgskule... piiip ... 'Det er alarm om brann på Sunnfjord Folkehøgskule, eg gjentar det er alarm om brann på Sunnfjord Folkehøgskule... piiip ... 'Det er alarm om brann på Sunnfjord Folkehøgskule, eg gjentar det er alarm om brann på Sunnfjord Folkehøgskule... piiip ... ' Så la eg på, og hadde eg bare visst konsekvensane av DET. Då ringte den samme irriterande mannen til lærera og rektor og vaktmester og kjøkkensjef osv osv, og alle ringte til meg og spurte ka som skjedde. Eg veit enda ikkje grunnen til at han slutta å ringe.
- Mobil telefonen min gikk tom for batteri
- Vakt telefonen gikk tom for batteri
- Eg fant ikkje igjen bookingsystemet.
.. Og eg lika ikkje egentlig kylling en gang. Stakkars meg. love gurthi
1 kommentar:
du er veldig pen. :)
Legg inn en kommentar