14. apr. 2009

Når blir eg stor?

Når vi gikk i første klasse var det dei som fikk dra til sentrum aleine, som kunne gå på tur med en hund aleine og som fikk lov å sykle til skulen aleine som var store. Når vi blei større (men ikkje store) var det dei som gikk på ungdomsskulen og hadde tentamen og eksamen som var store. Dei som hadde prøver som betydde så masse at dei måtte sitte oppe til 11 å lese! Dei som fikk merknader for småting, og ikkje bare kjeft, dei som var ferdige med alle vaksinene og som hadde vert på klassetur til Sogndal eller Tyskland var store.
Vil eg nåken gang bli stor? Eller kommer eg til å ende opp som pensjonist og fortsatt leve i trua på at dei som er 4 år eldre enn meg har 685 ganga meir erfaringa i livet enn det eg har. At dei har opplevd dei utruligste ting, vert på dei gøyaste konsertane og snakka med dei livligaste folka. Gjort dei sprøaste tinga og hatt den merkeligste hårfrisyren.
Ei stund var det sånn at du blei stor når du blei 18, og eg lo godt med tanken på folk som budde heime med foreldrene sine etter fylte 18. Etterkvert som 18-årsdagen nærma seg med store steg har eg blitt meir realistisk, og innsett at det einaste som gjør deg 'stor' når du er 18 er at du kan sei: Serriøst mamma, eg er myndig! Med tida har óg fleire og fleire bekjente fylt dei store 18, men eg kan ikkje sei at eg ser på dei som store no, i forhold til når dei var 17. Eller 16 for den del.
Sjøl kommer eg til å fortsette å være ikkje-stor så lenge eg kjenner nåken somer eldre enn meg. Og med tanke på at det hadde vert trist å være eldst, så håper eg at den dagen aldri kommer. Det stemmer, eg skal være ikkje-stor resten av livet.
No skal eg gjøre nåke som bare store jenter gjør: Nemlig sitte oppe til daggry (alle som kjenner meg veit at det var en overdrivelse) å lese norsk. Er det lov å gi norsk prøve dagen etter norsk tentamen, når den ikkje er på prøveplanen en gang? Er det forresten lov å i tillegg gi oss en engelsk munnleg prøve samme dagen, og la være å sette den og på prøveplanen?
Det tviler eg på, men eg orker ikkje å forhøre meg om det. Eg kommer nok fra det med livet i behold uansett!
Et bilde av ei blid Live og meg, fordi at Live fyller (fylte) 18 i dag! love gurthi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar